
Skånevik Kultur- og Idrettshall
Historia til hallen
Kor kom no eigentleg ideen frå, om å byggje idrettshall i Skånevik? Det heile starta på 80- talet i Skånevik, då Husmorlaget drøymde om å byggje eit større samfunnshus som skulle koma bygda til nytte. Husmorlaget arrangerte både loddsal, basarar, og bingo for å samla penger til samfunnshuset. Så utvikla ideen seg og nokon byrja snakke om at ein skulle jo også hatt ein idrettshall i den flotte bygda vår; i Skånevik står jo idretten høgt og ein trong meir plass enn i den vesle gymsalen! Det vart oppretta ei arbeidsgruppe som skulle jobbe vidare med desse ideane. Men, for å kunne byggje noko som helst trong ein pengar.
Torgdagane var noko av det første som vart oppretta for å samle inn pengar til prosjektet, og planlegginga bak Torgdagane vart tatt veldig seriøst. Det seiest at det til og med vart ringt inn til metrologisk institutt for å høyre kva helg den sommaren det var størst sjanse for finver. Til slutt vart det landa på andre helga i juni, og sol vart det! Dei aller første Torgdagane vart arrangert i 1985, og på Torgdagane skulle ein kle seg i klede frå gammalt av. Det vart satt opp ein riggegjeng som tok seg av rigging, "Torgkånene" solgte reker og lubbasild med kokte poteter, i Bakebua bakte og steikte ein lefser, "Grillen" kunne ein kjøpe seg deilig grillmat og i Doktorhagen var det mange kjekke leikar og konkurransar for born og unge. Fredagskveld vart det arrangert revy og "Tuttene" song mange festlege songar. På laurdagskvelden var det bryggjedans på fabrikk-kaien med musikk og dans til langt på natt. Torgdagane viste seg å vera ein stor suksess (og vart arrangert heilt fram til år 2019!).
Fint ver og stort oppmøte
Ferske bakevarer frå Larsen Bakeri
Lykkehjul
Torgdagane fekk inn mykje pengar, men ein trong meir for å kunne byggje idrettshall. Det vart stifta eit aksjelag og og det vart laga ein avtale med Skånevik Sparebank og Bergen Bank. Avtalen gjekk ut på at bankane skulle tilby bygdefolket å få låna 5000 kr kvar med formål om å kjøpa andeler i samvirkelaget, med spesiell avtale om å kunne betale ned lånet over lengre tid.
Kommunen fekk også tilbod om å kjøpe andelar, men dei takka nei. I staden for, ville dei etter kvart støtte bygginga mot at dei kunne leige hos den planlagte idrettshallen. Før var det snakk om å byggje ut gymsalen, men no vart det ein politisk prosess der ein heller snakka om å leige idrettshallen.
Skulesjefen på denne tida viste seg å stille strenge krav om det hadde seg slik at ein skulle flytte kroppsøvinga frå gymsalen til idrettshallen. Skulesjefen bestemte at ein gymlærar, saman med ei gruppe elevar, måtte prøve-gå løypa opp til idrettshallen og sjå kor lang tid det gjekk å gå opp. Tok det mindre enn 10 minutt å gå, var han med på planen. Dei yngste elevane brukte akkurat 8 minuttar, og dermed var Skulesjefen også med på laget. I 1986 vedtok kommunen å bevilga 1,5 millionar kroner til bygging av hallen og at kroppsøving skulle foregå der. No hadde ein endeleg pengar nok til å starte arbeidet! På det meste hadde ein faktisk renteinntekter på innestående kapital på 800 kroner dagen (renta var på ca 15% på denne tida). Dugnadsarbeidet kunne no planleggjast.
Bygga på dugnad
Det første som skulle skje i førebuingsarbeidet var å sende ei arbeidsgruppe på synfaring til Gjesdalhallen på Ålgård. Det vart bestemt at Gjesdalhallen skulle vera modellen for idrettshallen i Skånevik. Store delar av Gjesdalhallen var nemlig bygga på dugnad og arbeidsgruppa ville gjerne få kunnskap om dugnadsmodellen deira.
Dugnadsmodellen gjekk ut på å sende ut eit innkallingsbrev til alle innbyggjerane i bygda med informasjon om prosjektet og med spørsmål om kvar enkelt kunne tenkja seg å vera med på dugnad, og i tilfelle kor mange timar dei kunne jobbe. Posten støtta dugnadsarbeidet og tenesta vart gratis. Innbyggjerane sendte brevet i retur med svar på kor mange timar dei ville jobbe. Det vart laga ei eiga dugnadsliste med folk som hadde fagbrev eller kompetanse innan bygging. Desse vart byggjesjefane ved dugnadane.
Gjesdalhallen på Ålgård
Skånevik Kultur- og Idrettshall
Kvar måndag var det dugnadsmøte der ein planla kven som skulle jobbe neste veke og vekeplanen vart sendt ut i posten. Fem personar skulle jobbe på kvar dugnad + ein dugnadssjef med byggjeerfaring. Slik dreiv ein på år etter år. Tida gjekk, dugnadsfolket jobba hardt og i 1989 vart veggelementa reist. Byggjeleiar under reisinga av bygget var Jan Henning Jespersen og innredningsleiar var Leif Jonny Johansen. Når hallen nede i første etasje sto ferdig i slutten av 1991, hadde ein registrert ca. 22.000 dugnadstimar.
Første gymtime var 3. januar 1992. Deretter starta arbeidet med andre etasjen som skulle fungere som eit samfunnshus med kjøkken og flotte lokaler. Til innredning av kjøkkenet fekk ein 150.000 kr av kommunen. Hallen fekk også mykje penger i tippemidlar. På denne tida var Tore Taraldsøy vaktmester på bygget og la fliser i 2. etasjen. Det var ein kombinasjon av mykje godt dugnadsarbeid og arbeid for trygd som gjorde andre etasjen ferdig. Innvielsesfesten var hausten 1994 til jubel og glede for folket.
Det var mange som gjorde ein kjempeinnsats i byggjinga av hallen og det blir fortsatt snakka om denne fantastiske bragda med å byggje ein stor idrettshall, i ei så lita bygd, på dugnad og utan å måtte ta opp lån!
Idrettshallen vart brukt til mange sportslege og kulturelle arrangement. På Torgdagane var det alltid revy og dans på hallen, det vart også arrangert basarar, bingo, restaurantkveldar og mykje anna gøy. Ein kveld som seint vert gløymd er kvelden då skyttarlaget stelte i stand dans med Ole Ivars på hallen. Då kom det folk heilt frå Haugesund og kvelden genererte største inntekt på enkeltarrangementet i hallen si historie!
I dag vert hallen brukt til blant anna kroppsøving, til treningar av mange slag, til messer, kulturelle arrangement, barnatrim, ungdomsklubb, oktoberfest og mykje anna moro.
No er me nett ferdig med ei stor oppussing av heile andre etasjen. Og tradisjon tru, vart det gjort på dugnad. No gler me oss til å finne på enda meir kjekt på Skånevik Kultur- og Idrettshall i framtida!
